Meirope bibliotek-tilbod ved Sør-Aurdal folkebibliotek

Velkomen til meirope bibliotek ved hovudbiblioteket på Bagn!   

No kan du låse deg inn på biblioteket utanfor betente opningstider. Ved å bruke ein utlånsautomat kan du levere og låne bøker, og du kan bruke biblioteklokalet til å lese bøker/aviser/tidsskrift, studere osb.

For å få tilgang må du skrive under på ei avtale og du må vere over 18 år. Ein brukar lånekort og ei pin-kode for å låse seg inn.

Lag og foreiningar kan òg bruke lokala til møter og liknande, då må det vere ein kontaktperson som skriv under på ei avtale og har ansvaret. Merk dykk at biblioteket vil vere tilgjengeleg for andre med meirope-tilgang.

Meirope er tilgjengeleg frå kl 07.00 - 22.00 alle dagar heile året.

 

Les meir på våre nettsider.